Kjapp og trygg hosting for Wordpress

(Gratis) program for å lage nettsider - Tips til ein nybegynnar?!

Eg har eit spørsmål som eg er overbevist om at WF's kyndige brukarar må ha noko klokt å seie om. Lurer nemlig på kva program som finst for den som ønsker å lage eigne nettsider. Eg har lite erfaring med å lage nettsider, men tenkjer at det aldri er for seint å lære!

Mitt hovedprosjekt for tida er ein nettportal for psykisk helse, som eg kjøper inn av ein profesjonell websideleverandør. Men ønsker å opparbeide meg eigen kompetanse på området, og skulle då ha interesse av eit godt program som vil gjere det mogleg for meg å øve, om enn på eit svært ikkje-profesjonelt nivå.

Nokon gode tips? Har brukt Fastweb, men det har kun vore for å utforme innhald til den nevnte portalen som eg altså kjøper inn. Tenkjer at dette programmet har for store begrensningar, t.d. ikkje mogleg å legge inn bannerannonsar.

Tar ellers imot gode tips for korleis ein nybegynnar går fram for å bli god på webprogrammering (eg har mange år igjen før hjernen begynnar å skrumpe inn, så ikkje fortel meg at toget er gått...).
 
Takk for info!

Supert! Takk for rask tilbakemelding. Har gått inn og oppretta konto, så no har eg ein blogg i tillegg, og vil prøve meg fram med dette programmet. Ser at det er ein del tilleggsfunksjonar, men at ein då må betale litt for det. Nokre tips for korleis få mest mogleg ut av programmet?
 

TorsteinO

Art Director & grunder
Du sier du har opprettet konto, da antar jeg at du vil kjøre dette på dinadresse.wordpress.org og ikke på eget domene?

Hvilke tilleggsfunksjoner er det du må betale for?

Hvis han har opprettet konto på wordpress.com (som altså gir deg f.ex. dinblogg.wordpress.com), så er det endel funksjonalitet man kan betale for, men det er helt sikkert den nedlastbare varianten, altså wordpress.org han egentlig vil/bør ha.
Med den nedlastbare (self-hosted) varianten er det stort sett bare å gjøre som man vil :)
 
Topp