Kjapp og trygg hosting for Wordpress

Nettportal for psykisk helse

Hei!

Først av alt: Fantastisk webforum dette her. Eg er ny her på forumet, men innser etter berre nokre dagars bruk at eg kjem til å bruke dette forumet dagleg.

Kort om meg: Eg jobbar til dagleg som kommunepsykolog, men har i ca 1 års tid hatt tankar/planar om å slå meg fram på nettet i form av ein nettportal for psykisk helse. Nettportalen er å finne i kladdform (NB: design vil bli langt betre, pga blir bestilt av profesjonelt websidefirma). Link til denne sida er å finne her:
Kurs, grupper, veiledning, terapi, utredning, og sosial støtte. Oversikt over hjelp der du bor! ....

Portalen blir etter planen å finne frå 1.1.12 på domenet hjelptilhjelp.no. Link her: Hosted by iNTELLiT.

Ambisjonen for portalen er at den skal vere ein profesjonell nettressurs for tilsette i hjelpeapparatet innan psykisk helse, herunder ikkje minst for psykologar, men den skal også vere mogleg å bruke for brukarar sjølv, pårørande, tilsette i skule/barnehage og for bedrifter/personalleiarar.

Eg set stor pris på å kunne nytte meg av webforumet. Er på mange måtar nybegynnar innan feltet, men ser fram til å bli ein travel brukar av diskusjonsforumet! Tar imot alle innspel, tips, etc på mail: ove.heradstveit@gmail.com
 
Topp