olafmoriarty
Medlem
I løpet av det næraste året kjem Nettserier.no til å gjennomgå ein del ganske store forandringar. Målet med portalen er å lage ein interessant portal for teikneserieinteresserte der brukarar som ønskjer det kan publisere sine eigne teikneseriar i eit enkelt brukargrensesnitt. På mange måtar har eg kome eit godt stykke på veg. Men samtidig er det sannsynlegvis veldig mykje eg ikkje gjer godt nok.
Eg har endra og endra på sidene i den perioden dei har eksistert for å tilpasse dei nye behov, men likevel sit eg i hovudsak på tre år gamal kode som kunne ha vore gjort på ein mykje meir effektiv måte, og eit raskt fem-minutts design eg ikkje heilt har turd å gjera store forandringar i av frykt for at brukarane skal flykte fordi det ikkje ser ut som det alltid har gjort lenger (og til ein viss grad fordi eg har alt for mange lilla T-skjorter med dagens logo på liggjande på lager).
På grunn av dette har eg bestemt meg for å setja meg ned og lage heile portalen på nytt -- og med eit langt betre utgangspunkt, slik at den er enklare å jobbe vidare med i ettertid. Blant planene for kva eg ønskjer at portalen skal innehalde i neste oppgradering, er eit nytt VIP-område som gir brukarar fleire moglegheiter mot ei ørlita avgift (mellom anna at dei kan leggja ut eigen reklame på seriane sine i staden for min), og oppbygging av svensk-, dansk- og engelskspråklege systersider.
Men det er lett å sjå seg blind på eigne feil, og eg har mange feil, sannsynlegvis fleire enn eg er klar over. Og eg er ingen ekspert på noko som helst som har med drift av nettsider å gjera, så eg treng hjelp. Mykje hjelp.
Så eg ville ha satt pris på det dersom folk her inne kunne vera så snille å titte på Nettserier.no og gi meg tilbakemeldingar på kva som funker, og kva eg er heilt nøydt til å endre på. Då tenker eg på *alle* slags tilbakemeldingar, anten det gjeld design, SEO, semantikk ... you name it.
Det eg jobber med no, er å lage ein kravspesifikasjon til kva eg ønskjer av ein slik portal. Først når denne er ferdig, skal eg byrja å lage sidene på nytt.
Takk for at du gadd å lese dette.
EDIT: Nøkkeltall frå Google Analytics mai 2009:
30,364 Visits
11,135 Absolute Unique Visitors
246,965 Pageviews
8.13 Average Pageviews
00:13:42 Time on Site
39.26% Bounce Rate
32.09% New Visits

Sist redigert: